&nnbsp

Påmelding nyhetsbrev





Ingrid Bjørnov skriver ny musikal!

ib_yinachan_2014c_nett.jpg

Halve Kongeriket 

Ingrid Bjørnov har, sammen med Are Kalvø, skrevet musikal for Det Norske Teatret! 

Det Norske Teatret skriver på sin hjemmeside: 

Fredag 4. september kl. 20.00 er det urpremiere på musikalen Halve kongeriket på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Dette skal vere ein humoristisk, satirisk og litt tøysete musikal om norsk politikk og norsk samtid. Are Kalvø har skrive manus, musikken er ved Ingrid Bjørnov.

Eit viktig punkt i handlinga er bryllaupet til Haakon og Mette-Marit i august 2001. Sentrale tema er korleis slike storhendingar er med på å definere kven vi er og kven vi vil vere, og korleis denne augustdagen i 2001 har dytta samfunnet og oss alle bittelitt framover og gjort oss til bittelitt betre menneske.

Musikalen fortel også historia om korleis det norske samfunnet kunne utvikla seg om noko heilt anna hadde skjedd den gongen i 2001.

Denne musikalen har trua på folket og framtida, leitar etter – og finn! – romantikken i politikken, og hyllar dei små framstega som sakte men sikkert gjer oss til både betre menneske og betre samfunn.